Atlanterhavstunnelen kan stå ferdig i 2008

Høgre er no klare for å banke gjennom fastlandssambandet mellom Averøy og Kristiansund i Stortinget, melder NRK.

Det seier leiaren for samferdselskomiteen, Petter Løvik, som i dag har vore på Nordmøre saman med partikolleger og stortingsrepresentantar. Viss Stortinget gir klarsignal for Atlanterhavstunnellen no, vil ferja verte avløyst av tunnell i løpet av 2008. Ifølgje Løvik vil samtlege av Høgre sine representantar røyste for ei løysing i løpet av hausten. - Dette er eit prosjekt som eg ikkje kan forstå at Stortinget har råd til å seie nei til. Dette vil gjere nordmøre til ein langt meir slagkraftig region, seier Løvik. Ordførar Dagfinn Ripnes i Kristiansund er glad for det han høyrde i dag.