Fire entreprenørfirma leverte tilbod. Det lågaste tilbodet var på 46,5 millionar kroner, det høgste tilbodet var på 59, 4 millionar.
Innkomne tilbod
Volda Maskin AS: 59,4 millionar kroner
Lars Kveen AS: 46,5 millionar kroner
K.A. Aurstad AS: 56,4 millionar kroner
- Prisane er innafor det som var forventa. Tilboda skal no kontrollreknast, og vi tek sikte på å skrive kontrakt med ein av tilbydarane i løpet av sommaren, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg.
Strekninga mellom Klokkargarden og Hjelle ligg aust for Eid sentrum og er på vel 2,5 kilometer. Anleggsstart blir i august, og prosjektet skal stå ferdig i utgangen av 2014.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og Eid kommune, der Vegvesenet skal byggje gang- og sykkelveg og kommunen skal etablere nytt vatn- og avløpsanlegg
- Nøkkelord
- Anlegg