Nytt kopartak på Håkonshallen

Kopartaket på Håkonshallen er punktert, og Statsbygg er i gang med rehabiliteringsarbeida som skal sikre eit umisteleg kulturminne for framtidige generasjonar.

Kopartaket på Håkonshallen i Bergen blei sist skadd under orkanen Dagmar i desember 2011. Taket blei mellombels utbetra, men no er Statsbygg i gang med ei omfattande restaurering. Forutan å få eit heilt nytt kopardekke skal taket isolerast og sikrast mot lynnedslag.

Arbeida er i gang på Håkonshallen, krana er på plass, og stillaset er ferdig montert. Taket er planlagt ferdig oktober 2013. Forventa sluttkostnad er 16 millionar kroner. Statsbygg er byggherre, mens Origo arkitektgruppe AS og Norconsult AS er i prosjekteringsgruppa. Entreprenøren er J H Nævdal Bygg AS – det same bergensfirmaet som gjennomførte restaureringa av Håkonshallen på 1950-talet.

– Dagmar gav ikkje berre Håkonshallen ei skrape i lakken, men òg ei real flengje i skroget. Det skal bli fint å utbetre takskadane fullt ut. Håkonshallen er ein ærverdig bygning, og med nytt tak løyser vi både eit praktisk problem og viser bygningen den respekten han fortener, seier regionsdirektør Torbjørn Nævdal i Statsbygg.

Takarbeida skal gjennomførast med full verksemd inne i Håkonshallen og med ei rekkje arrangement på Bergenhus.

Håkonshallen er ein kongehall, eit nasjonalt museum og eit minnesmerke. Bygningen er ein freda mellomalderhall og er den finaste festhallen i Bergen. Statsbygg har ansvaret for vedlikehaldet av sjølve bygningen. Bymuseet i Bergen har ansvaret for inventar og formidling og arrangement som konsertar og representasjon i samråd med Fylkesmannen.