Skadelige insekter i flisimport

Fleire insekt- og soppartar som kan følgje med flisimport frå Nord-Amerika, kan føre til omfattande skade i norsk natur, viser ein ny rapport.

Rapporten som Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har utarbeidd på eige initiativ, har vurdert om det er fare for at visse insekt og sopp kan følgje importerte lauvtreflis frå Nord-Amerika.

Forskarane har også sett på om desse skadegjerarane har potensiale for å etablere seg i Noreg og gjere skade i norsk natur.

Auka import
- VKM er bekymra for at skogsskadegjerarar som kan følgje med importert flis, vil trivast og dermed kunne etablere seg i Noreg. Fordi det ofte er snakk om flisblandingar av ulike treslag, er det vanskeleg å kontrollere kva slags insekt og sopp som følgjer med når flisa kjem til Noreg, seier Leif Sundheim, som er leiar av VKMs faggruppe for plantehelse og til dagleg arbeider som seniorforskar ved Bioforsk Plantehelse i Ås.

Ifølgje Sundheim har det veksande behovet for bioenergi i Europa ført til ei sterk auking i importen av flis frå Canada og USA. Han forventar også å sjå ei svært sterk vekst i dei komande åra. Russland og dei baltiske landa er og eksportørar av flis til Vest-Europa.

- I 2020 vil det nesten vere ei dobling i importen av flis. Det som er sikkert er at vi i Vest-Europa og i Kina ikkje har tilstrekkeleg med skog og difor må det importerast store mengder. Då kan det kome med blindpassasjerar, påpeikar han.

Sundheim fortel at det er fleire eksempel på at skadegjerar har spreidd seg over landegrensene, og at dette er til stor otte for skogbruksmiljøet.

- Det er mykje som flyt over landegrensene, som for eksempel levande planter. Vi lever litt farleg. Dette er noko vi bør ta på alvor, legg han til.

Rangering etter risiko
VKM har sett nærare på ti insektartar og fire soppartar som kan følgje med import av lauvtreflis, og som kan utgjere ein trugsel mot norsk natur. Artane er også blitt rangert i forhold til kor sannsynleg det er at dei vert innført via flis og om det finst treslag i Noreg som dei kan gjere skade på.

- Vi har også vurdert kor likt klimaet er i Noreg og i områda der insekt- eller soppartane kjem i frå og kor stor skade artane kan gjer i norske skogar. Ein av artane har blitt risikovurdert av VKM tidlegare - amerikansk bjørkepraktbille, fortel Sundheim.

Rekkjefølgja i rangeringa viser kva slags artar som bør risikovurderast først. Men han seier det er noko usikkerheit knytt til rangeringa, fordi ein ikkje veit korleis dei ulike sopp- og insektartene vil oppføre seg under nye forhold.

Men i Nord-Amerika fins det klimasoner med dei same treartene som vi har i Noreg, til dømes eik, bøk og bjørkeartar. Sundheim trur difor det er stor sjanse for at skadegjerarane vil oppføre seg likt i Noreg. -Det er vår foreløpige vurdering, seier han.

Rapporten vil gje Mattilsynet eit grunnlag for å avgjere om det er aktuelt å forandre eller justere dagens reguleringar.