Utradisjonell dekkelegging i Sogn

I Sogn distrikt har Statens vegvesen teke i bruk Repaving som dekkeleggingsmetode. Den nye metoden vart nytta på Rv 55 Loftesnes bru - Kvam i slutten av juni, og det var NCC Roads som var entreprenør, skriv vegvesen.no

Til saman vart det nytta ca.980 tonn Ab 11 over ei strekning på ca. 2600m. Repaving maskina var 14m lang og hadde ei vekt på ca.60 tonn. Maskina var svensk og hadde rutinerte svenske arbeidarar som fylgde maskina rundt om i Norden. Metoden går ut på at det gamle dekket vert varma opp med propanbrennarar. Medan dei køyrer vert knivar trykt ned i den oppvarma asfalten. Dette blir gjort for å jamne ut eksisterande dekke. Bak knivane vert den gamle asfalten jamna ut og vert samtidig plassert i spora, deretter vert ny asfalt lagt over og asfalten blir så komprimert av ein trehjula vals og ein vanlig to hjula vals. Alt skjer i same operasjon, medan maskina går framover med ein fart på ca. 4m. i min. Prøvestrekning - Denne metoden har me ikkje nytta før, verken i Sogn distrikt eller Fjordane distrikt. Så dette vert såleis ei prøvestrekning, seier Arne Magnar Hauglund i Sogn distrikt. - Strekninga skal vidare fylgjast opp med spor/jamnheitsmålingar for å sjå utviklinga. - Den største grunnen til at me har valt å nytta denne metoden er at det er mykje billigare enn tradisjonell dekkelegging, seier Hauglund.