NCC signerte Stord-kontrakt på 179 millionar

NCC Roads AS signerte torsdag driftskontrakt for vegane i Stord-området med Statens vegvesen.

Kontrakten vart signert på regionvegkontoret i Leikanger av regionvegsjef Helge Eidsnes og direktør veiservice Frank Pettrém i NCC Roads AS.

- Kontrakten har mykje fylkesvegar, og ein viktig og driftsmessig krevjande del av E39 over Stord, der det diverre har vore alvorlege ulykker siste året, sa regionvegsjef Helge Eidsnes under signeringa.

Raske svingningar frå regn til is gjer det krevjande å drifte vegen vinterstid, og dette ba Eidsnes NCC om å ta særleg omsyn til.

NCC fekk også ein påminning frå regionvegsjefen om at HMS er eit viktig innsatsområde, og at målet er at alle skal komme friske og heile heim frå jobb, noko Pettrém understrekte at dei jobbar kontinuerleg med.

- Det er eit faktum at HMS kostar penger, men ved å stille krav til oss entreprenørar, er Vegvesenet med på å gjere ei heil bransje god, sa direktør veiservice Frank Pettrém i NCC Roads AS, som var veldig glad for å ha vunne Stord-kontrakten

Kontrakten har namnet «1207 Stord» og går frå Fusa og Norheimsund heilt ut til Bømlo på kysten. Kontraktsummen NCC vann anbodskonkurransen med var på 179 millionar kroner, og kontrakten går over seks år.