Fire vil bygge ny E134 i Skjold

Statens vegvesen fekk onsdag inn tilbod på jobben med å lage ny E134 mellom Skjoldavik og Solheim i Vindafjord kommune. Vassbakk & Stol AS hadde det lågaste tilbodet.

Totalt fire entreprenørar hadde levert inn tilbod då fristen gjekk ut. Det lågaste tilbodet er på 257,3 millionar kroner, og det høgaste er på 339,2 millionar kroner.

Dei innkomne tilboda:

Veidekke Entreprenør AS 339 201 728 kroner
Risa AS og Kruse Smith Entreprenør AS 272 808 825 kroner
Implenia Norge AS og Bertelsen & Garpestad AS 261 019 352 kroner
Vassbakk & Stol AS 257 254 840 kroner

Prosjektleiar Asbjørn Opedal er nøgd med dei innkomne tilboda. Prisane ligg innanfor ramma for prosjektet sin totalkostnad.

– No skal vi kontrollrekne tilboda og sjekka at alle krav i konkurransegrunnlaget er oppfylt, så får vi sjå kven som får kontrakten til slutt, seier Opedal. Han reknar med å ha dette avklart i slutten av juni, og håpar difor at arbeidet kan ta til i løpet av sommaren.

Kontrakten gjeld bygginga av 2,8 kilometer ny Europaveg 134 gjennom Skjold i Vindafjord kommune. Prosjektet er del av Haugalandspakken, og skal vere ferdig til jul i 2015.