Vil ha ny runde på skofabrikk-saka

Anbodskonkurransen kring tilrettelegging av nye lokale for Dale Sko blir avlyst. Politikarane i Fjaler er ikkje villige til å betale i overkant av 5millionar kroner for flyttinga av Dale Sko, og krev i staden ny gjennomgang av kostnadene i prosjektet, skriv Sogn Avis.

Kommunestyret var ikkje nøgde med det siste tilbodet frå entreprenøren NCC på knappe 4,3 millionar kroner for tilrettelegging av nye lokale til Dale Sko. Medrekna andre kostnader ville dette tilbodet gi ein total prislapp på 5,25 millionar kroner for å flytte Dale Sko frå Hall C til Hall B i Industribygget Jarl. Utan tilråding Det ekstraordinære kommunestyremøtet i går kveld var i det heile prega av redsle for å fatte nok eit usikkert vedtak i skofabrikk-saka. Tidlegare på kvelden enda formannskapet med å sende saka om skofabrikken vidare til kommunestyret utan tilråding om kor vidt Fjaler kommune skal stå ved vedtaket frå i vår om å dekkje kostnadene ved å flytte Dale Sko for å gi plass til designfirmaet Ralston & Bau som har underskrive ein opsjonsavtale om kjøp av dei kommunale lokala som Dale Sko i dag disponerer. Blåmåndag Fleire av politikarane karakteriserte det som å vakne opp til ein blåmåndag då det denne veka vart kjent at einaste tilbydar, NCC, ville ha 5,3millionar kroner for å byggje om skofabrikken. Eit siste tilbod på 4,3millionar kroner var ikkje nok til å roe kommunestyrerepresentantane som opphavleg såg føre seg å bruke 2,5 millionar kroner på flyttinga. Dermed støtta fleirtalet i kommunestyret eit felles framlegg frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti om å avlyse anbodskonkurransen og gi styringsgruppa fullmakt til ein ny gjennomgang av kostnadene i prosjektet, samstundes som intensjonsavtalen med Ralston & Bau vert ståande.. Med gårsdagens vedtak tyder likevel det meste på at siste ord i striden om skofabrikken ikkje er sagt.