Periodevis stengd mellom Bergen og Voss

Europaveg 16 mellom Bergen og Voss vil verta stengd delar av døgnet frå og med 1. september til og med februar 2006, meldar NRK.

Dette har samanheng med utvidinga av Dalevågtunnelen og Helletunnelen mellom Stanghelle og Dale. Eigentleg ville Vegvesenet stengja vegen fullstendig fire månander medan arbeidet pågjekk, men dette fekk næringslivet på Voss og i Dale til å reagera. Inngått kompromiss No har Statens Vegvesen inngått eit kompromiss med nattestenging. Dette kompromisset kan me leva med, seier direktøren i Dale of Norway, Olav Munch. Det er fyrst og framst varetransporten vegstengninga vil gå utover, men ved å unngå at vegen vert stengd heile døgnet, slepp Dale of Norway og resten av næringslivet unna dei store problema. -Kan ikkje halda meir ope Distriktsvegsjef for Voss og Hardanger, Arnfinn Ansok, trur at ved å halda delvis stengd ved kveldstid og i helgene og fullstendig nattestengd er eit kompromiss alle kan vera nøgde med. - Dersom me skulle hatt meir ope enn dette så ville arbeidet tatt svært lang tid, kanskje to til tre år, seier Ansok.