Kraftverk ønsker å rydde opp i krysseierskap

Statkraft Energi og Sogn og Fjordane Energi er samde om ein prosess for å avklare nødvendige premissar for byte av kraftverk på Vestlandet. Selskapa ønskjer å rydde i krysseigarskap for å skape enklare og meir effektiv drift.

Ein eventuell bytehandel vil innebere at Statkraft Energi sel kraftverka Svelgen I og II til Sogn og Fjordane Energi / Svelgen Kraft, medan Sogn og Fjordane Energi sel sin medeigardel på 35 prosent i Leirdøla kraftverk til Statkraft Energi.

Svelgen Kraft leiger frå Statkraft og driftar kraftverka Svelgen I og II fram til 31.12.2030, samstundes som selskapet eig kraftverka Svelgen III og IV. Ved ein eventuell bytehandel vil ein få samla eigarskap til alle kraftverka i Svelgen.

Statkraft Energi eig frå før 65 % av Leirdøla kraftverk og får såleis full råderett over dette kraftverket når medeigarretten vert kjøpt tilbake.

Partane er samde om å vidareføre prosessen med sikte på å inngå avtale medio 2013. I denne prosessen vil ein og ta omsyn til dei rettar Bremanger kommune har til Statkraft sitt utbytte frå Svelgen I og II, og til at bytehandelen må handsamast av Konkurransetilsynet.