Stal boremaskin under skjørtet

Mens to menn oppheld dei tilsette i butikken, stakk ei kvinne boremaskina under skjørtet og fekk den med seg ut i ein ventande bil, melder NRK.

Dei tre tjuvane er i femtiåra og har utanlandsk utsjånad. Rundt klokka fire i går ettermiddag kom dei inn i ein byggvareforretning i Oppdal sentrum. Der gjekk dei rett bort til verktøyavdelinga og studerte verktøyet lenge. Vaggande gange Dei tilsette i butikken hadde det travelt og fekk ikkje fulgt med dei utanlandske kundane godt nok. - Då dei skulle gå, oppdaga dei tilsette at kvinna hadde ein underleg gange og at ho hadde noko under skjørtet som ikkje skulle vere der, seier lensmann på Oppdal, Per Christiansen, til NRK Trøndelag. I ettertid viste det seg at kvinna hadde putta ein stor verktøykoffert med ei elektrisk boremaskin til 9 000 kroner under skjørtet. Fleire liknande tilfelle Politiet på Oppdal tok kontakt med nabokontora etter episoden i går. Også dei kan rapportere om ei dame med stort skjørt og merkeleg gange. - Litt over klokka tolv i går formiddag hadde Lesja verk besøk av tre personar. Skildringa av det som skjedde der stemmer godt overeins med det vi opplevde på Oppdal seinare på dagen, seier Christiansen. Bilen dei tre forsvann frå Lesja hadde utanlandsk registreringsnummer som starta på OP og er observert i distriktet fire gongar. Politiet er svært interessert i tips frå publikum.