Støypte nye Borlaug bru

Borlaugskrysset i Lærdal, der riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og E16 frå Filefjell møtast, skal bli heilt forvandla. Denne veka vart dekket på den nye brua støypt, eit arbeid som gjekk over ti timar i strekk.

Utbetringa av Borlaugskrysset og ny bru på rv.52 er ein del av prosjektet E16 Filefjell. I tillegg til ny bru skal det også byggast ei rundkøyring i krysset. Det er entreprenøren Mesta AS som har kontrakten, og som utfører betongarbeidet, skriv Statens vegvesen på sine nettsider.

Arbeidet med å støype brudekket er ein omfattande jobb, fordeling av betongmassen må gjerast i ei lang økt, utan pausar. Arbeidslaget starta klokka 07.30 måndag morgon, og siste lass var fordelt utover då klokka var 17.30. Då hadde det gått med ca. 210 kubikk betong.

- Arbeidet har gått veldig bra, utan forseinkingar av noko slag, seier kontrollingeniør i Statens vegvesen, Harald Berstad.

Dette er ikkje første brustøyp for arbeidarane på Filefjell. I oktober i fjor var det den 110 meter lange Oddebrui som skulle støypast , og dette arbeidet tok 29 timar.

Framleis ser brua noko halvferdig ut, men så snart betongen er herda skal arbeidet fullførast. Det skal fyllast inntil brua frå begge endar, og støypast avlastningsplater.

Kantdragar og rekkverk vert ferdigstilt på eine sida av brua, medan det vert eit midlertidig rekkverk mot den andre sida av brua.

Planen framover er å føre trafikken over i det eine køyrefeltet på den nye brua, og deretter starte rivinga av den gamle brua og gjere ferdig det andre køyrefeltet. Grunnen til dette er at gamlebrua ligg så tett inntil at ein må støype siste del av landkar, vinge og kantdragar når den er fjerna. Dette vil skje i løpet av sommaren.

Når den står ferdig vil den nye brua vere fjerde generasjons bru på Borlaug. Forgjengaren til brua som vert brukt i dag vart sprengt vekk under andre verdskrig.

I same område kan ein også sjå brukara etter ei bru på den gamle hovudvegen mot Hemsedal. Denne vegen kobla seg på Kongevegen over Filefjell i eit vegkryss ved Borlo bygdetun.

Gjennom ein lang slange vert betongmasse spylt ned i brufundamentet.