Opnar delstrekning på T-forbindelsen mandag

– Endeleg er vi klare til å opne strekninga mellom Ørpetveitveien på Spanne og fram til krysset ved Tuastadvegen, seier kontrollingeniør Steinar Rullestad i Statens vegvesen.

Delstrekninga på T-forbindelsen opnar i dag, måndag 6. mai.

– Sperringane er i ferd med å bli fjerna. Etter klokka 12:00 skal strekninga vere open, fortel Rullestad.

Strekninga som opnar er ca 4 kilometer lang og tunnelane Spannavarden (270 meter) og Husafjelltunnelen (670 meter) er ein del av denne.

– Vi har venta på endeleg sikkerheitsgodkjenning av Husafjelltunnelen. No er den klar og då opnar vi vegen med det same, seier Rullestad.

Det er ikkje sett ein endeleg dato for den offisielle opninga av heile T-forbindelsen, inkludert den undersjøiske Karmøytunnelen.