Hardangerbrua opnar 17. august

Statens vegvesen har i samråd med departementet konkludert med at Hardangerbrua blir opna for trafikk laurdag 17. august 2013.

- Vi har vald siste laurdagen i skuleferien for at dette skal kunne bli ein stor folkefest for Hardanger, seier prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen. Planlegginga av bruopninga har pågått ei tid. Men avtalar om endeleg program har rimeleg nok vore hemma av manglande avklaring på opningsdato.

Opningsmarkeringa vil starta i Vallavik, der det blir program for publikum før sjølve opningshandlinga, som vil skje litt seinare på dagen, ute på brua ved tårnet i Vallavik.
Det er også planlagt stor folkefest i Eidfjord om ettermiddagen og kvelden 17. august.

Sluttarbeidet på dei ulike entreprisane på Hardangerbrua pågår for fullt. Dei siste vekene har det vore tilpassingar på dei to endeseksjonane på køyrebanen. Desse er no i rett høgde-posisjon, men det står att noko sveising før endeseksjonane er heilt ferdige.
Det står framleis att atskilleg kompletteringsarbeid før Hardangerbrua kan opnast for trafikk, ikkje berre maling, elektroarbeid og asfalt, men mykje anna – til dels komplisert tilpassingsarbeid.