Opninga av T-forbindelsen utsett

Tida som står att fram til planlagt opning av T-forbindelsen 29. mai er ikkje lang nok. Opninga må dessverre utsetjast.

– Etter møte med elektroentreprenøren ser vi at tida som står att fram til 29. mai ikkje held, seier prosjektleiar Rune Sandven til vegvesen.no.

Entreprenøren treng noko meir tid for å bli ferdig med arbeidet i Karmøytunnelen. Heile 151 kamera er sett opp i tunnelen, men det er oppdaga ein feil som gjer at dei må byttast ut.

– Nokre kamera har ein feil, men alle må byttast ut før vi kan opne vegen. Dei er svært viktige for sikkerheiten i tunnelen, forklarer Sandven. – Kvart kamera reagerer på uvanlege hendingar, som til dømes viss ein bil får motorstopp i tunnelen. Då skrur kameraet som er i nærleiken seg på og Vegtrafikksentralen blir varsla.

Etter at elektroentreprenøren er ferdig med arbeidet må prosjektleiinga ha tid til å teste utstyret og gjennomføre brannøving i Karmøytunnelen. Før opning må til sist Vegdirektoratet godkjenne sikkerheita.

– I dag kan vi ikkje seie kor lenge vi må utsetje opningstidspunktet, men vi kjem tilbake så snart som mogleg med nytt opningstidspunkt, fortel Rune Sandven.

I desember 2012 vart det oppdaga svelleleire i Karmøytunnelen. Arbeidet med å rette opp dette har teke tid, men prosjektleiinga trudde lenge at opningsdatoen skulle halde grunna gode tidsmarginar.