NTP: Nær 20 milliardar kroner til fylkesvegane

- Vi kan ikkje rekne med at fylkeskommunane greier å ta igjen etterslepet i vedlikehaldet på fylkesvegane, utan ei ekstraordinær statleg finansiering. Regjeringa legg derfor opp til at det i åra 2014-2023 skal nyttast i alt 10 milliardar kroner for å styrkje rammetilskottet til fylkeskommunane, slik at dei blir betre i stand til å fornye og ruste opp fylkesvegane, seier samferdselsminister Marit Arnstad.

Desse midlane vil vere ein del av det fylkeskommunale rammetilskotet på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

I tillegg er det for tiårsperioden, over budsjettet til Samferdselsdepartementet, sett av i alt 7,5 milliardar kroner i statlege tilskot til skredsikring på fylkesvegane.

Det er dessutan, for same periode og over budsjettet til Samferdselsdepartementet, sett av 2,28 milliardar kroner til rentekompensasjonsordninga for transporttiltak i fylka. Som følgje av at det no blir lagt inn ein vesentleg auke i tilskotet til fylkesvegar, blir rentekompensasjonsordninga avvikla for nye lån. Midlane på 2,28 milliardar kroner skal gå til å dekkje forpliktingar som allereie er inngåtte.

Innanfor den økonomiske ramma for Nasjonal transportplan 2014 – 2023 er det dermed lagt til grunn til saman nær 20 milliardar kroner som statlege tilskot til tiltak på fylkesvegane. I tillegg kjem andre midlar innanfor rammetilskotet frå budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.