NTP: 16,2 milliardar kroner til skredsikring

- Regjeringa legg opp til å bruke i alt 16,2 milliardar kroner over statsbudsjettet til skredsikring på riks- og fylkesvegnettet i åra 2014-2013. Det har aldri tidlegare vore brukt så mykje til skredsikring på vegane, seier samferdselsminister Marit Arnstad.

Midlane er fordelte med 8,7 milliardar kroner til skredsikring på riksvegane, medan 7,5 milliardar kroner er sette av som statlege tilskott på fylkesvegane. I tillegg er det for første fireårsperiode rekna med å bruke om lag 250 millionar kroner i bompengar til skredsikring på riksvegar.

I perioden 2014 – 2023 er det lagt opp til utbetring av om lag 80 skredutsette punkt og strekningar på riksvegnettet.

- Sikring av skredutsette område viktig for å oppretthalde spreidt busetnad og sikre at personar og gods kan komme fram på ein effektiv og føreseieleg måte. Næringslivet blir påført ekstra kostnader som følgje av vegstenging på grunn av skred eller fare for skred.

- For dei mange som må reise langs skredutsette vegar til arbeid og skule er sikringstiltaka også med på gjere kvardagen lettare og tryggare, seier samferdselsministeren.