Anleggsstart på E39 Lavik ferjekai

- Trafikksituasjonen i Lavik vil bli utfordrande dei neste to åra, men resultatet blir bra, meiner Per Andreas Øren, leiar for Norges Lastebileier-Forbund(NLF) i Sogn og Fjordane.

I desse dagar startar arbeidet med å byggje ny ferjekai og tilkomstveg på det sterkt trafikkerte E39-sambandet over Sognefjorden. Dei neste to åra blir det stor anleggsdrift i Lavik, noko både trafikantar og innbyggjarar vil merke. Per Andreas Øren, dagleg leiar i eit lokalt transportselskap og representant for lastebilnæringa, møtte denne veka Statens vegvesen for ei orientering om prosjektet.

Dobbel pir
Det er eit omfattande arbeid som skal utførast, samstundes som ferjetrafikken skal gå til oppsette tider.

- Den nye ferjekaia vert bygd i betong og skal stå på pelar i sjø. Det skal byggjast ein pir på om lag 80 meter, der to ferjer kan legge til på same tid. Talet på oppstillingsplassar på kaia vil auke til 135, forklarer Oddvin Hov, prosjektleiar for E39 Lavik ferjekai til vegvesen.no.

Tilkomstvegen til ferjekaia, som tidlegare har gått gjennom Lavik sentrum, skal flyttast. Nye E39 vil gå langs strandlinja, ei strekning på om lag 550 meter frå ferjekaia og fram til eit nytt kryss til fv.607 i retning Hyllestad.

Delar av nye E39 går over sjø, og her skal det byggjast ei betongbru. Frå ferja blir det to avkøyringsfelt, trafikken vert så fletta saman i eitt felt.

Tre ferjer frå 2015
Utbetringa skal avdempe køproblema som til tider er i Lavik, men også tilpasse ferjekaia eit nytt trafikkmønster på fjorden.

Frå 2015 aukar talet ferjer på sambandet mellom Lavik og Oppedal frå to til tre, med avgangar kvart 20.minutt.

Lastebilnæringa gler seg til den tredje ferja er på plass.

- Det er til tider for mykje ventetid på dette sambandet. Trafikken aukar for kvart år, og store bilar aukar mest av alt. Problema er størst fredag og søndag, men også på ettermiddagen risikerer våre medlemmar å stå att på kaia på grunn av full ferje, fortel Øren.

- Følg med på skilting
I anleggsperioden kan det bli endringar i trafikkmønsteret på kaia. Delar av området må stengast av for å rydde plass til vidareføring av den nye kaidelen. Dermed må talet på oppstillingsplassar kuttast og avkøyringsfiler kan verte flytta. Det betyr også at eksisterande busshaldeplass får ny plassering.

- Heile kaiområdet skal i løpet av anleggsperioden gravast opp for å få plass til nye grøfter, drenering og elektro. Trafikantane må fylgje godt med på merking og skilting for her kan det bli endringar i køyremønsteret etter kvart som arbeidet går over i nye fasar, seier Hov.