Ja til tre - nei til fire kraftprosjekt

NVE har handsama sju konkurrerande søknadar om utbygging av kraftverk i Sørfjorden (Ullsfjorden) i Tromsø kommune, i tillegg til ei ny 132 kV kraftleidning i same område. NVE tilrår for Olje- og energidepartementet (OED) tre løyve og fire avslag for søknadane, og tilrår ikkje kraftleidninga.

I heilskapsvurderinga inngår også handsaminga av Sennedalselva kraftverk i Tromsø kommune, der NVE avslår søknaden frå Småkraft AS i eit eige vedtak, skriv direktoratet på sine eigne nettsider.

NVE tilrår løyve til Skognes og Stordalen kraftlag AS for å bygge Ritaelva og Sveingard kraftverk og regulere Fjerdedalsvatn og Sveingardvatnet/Stordalvatnet. NVE tilrår også at Småkraft AS får løyve til å bygge Turrelva I kraftverk. Den samla energiproduksjonen for kraftverka vert omlag 86 GWh/år som tilsvarar straumbruken for 4 300 husstandar.

NVE legg vekt på at dei tilrådde Ritaelva og Sveingard kraftverk gjer eit monaleg bidrag til ny fornybar vasskraft, og meiner verknader av tiltaket for miljø og naturressursar er akseptable. NVE foreslår slepp av minstevassføring som avbøtande tiltak i alle prosjekta.

NVE frårår løyve til to søknadar frå Troms Kraft Produksjon AS om bygging av Skognesdalen, Steinnes og Stordal kraftverk samt reguleringar og overføringar knytt til desse. NVE frarår i tillegg løyve til to søknader frå Skognes og Stordalen kraftlag AS om bygging av Rieppeelva og Stordal kraftverk, og ein søknad frå Småkraft AS om bygging av Turrelva II kraftverk.

NVE har lagt spesiell vekt på verknadane for reindrift og landskap i høgareliggande og urørte områder. NVE meiner søknadane som ligg i område der desse interessene er størst, vil gi meir skadar og ulemper enn fordelar ved prosjekta.

Med denne heilskaplege løysinga vil det ikkje vere naudsynt med ei ny 132 kV kraftleidning mellom Steinnes og Skarmunken, som Troms Kraft Nett AS har søkt om i samband med vasskraftsøknadane.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.