Avviser «innsamling» til Bjørvika

- Det er heilt uaktuelt å starte innsamlingsaksjon frå dei andre fylka for å finansiere kostnadsauken for tunnel i Bjørvika, seier Petter Løvik, leiar i Stortingets samferdselskomite til Sunnmørsposten.

Løvik skjønar godt at ordførarar og politikarar elles på Nordvestlandet er uroa over rykta om dramatisk kostnadsauke for vegprosjektet rundt operaen i Bjørvika. Men Løvik er heilt klar: - Eit eventuelt vegprosjekt i Bjørvika skal ikkje gå ut over dei andre fylka. Det er heilt uaktuelt å starta nokon slags innsamlingsaksjon frå resten av landet for å putte ein milliard kroner ekstra i kvikkleira i Bjørvika. Nettopp dei vanskeleg grunnforholda rundt operatomta, og det faktum at vegtilkomst ville bli vanskeleg, var ei av årsakene til at Høgre i si tid sa nei til Bjørvika og ja til Vestbanen. No vert det snakka om ein milliard kroner i ekstrakostnad. Vi veit heller ikkje om dette er nok, seier Løvik. Som leiar i Samferdselskomiteen på Stortinget lovar han å gjere sitt for å følgje dei handlingsprogramma som er utarbeidde rundt om i fylka. - Det ligg mange gode prosjekt rundt i landet og ventar på å bli realiserte. Av den grunn er det uaktuelt for meg å ta ein milliard frå dei ordinære vegløyvingane og putte inn i Bjørvika-prosjektet. Regjeringa har gjennom Sem-erklæringa lova 600 millionar kroner ekstra pr. år i fireårsperioden til vegbygging. Vi slit sterkt for å få til dette, men klarar vi det, er det mi klare haldning at også desse ekstramidlane skal kome heile landet til gode, seier Løvik. Meldinga frå leiaren i Samferdselskomiteen går ut på at Oslo må tenkje alternativt for å nå måla sine: -Dersom Bjørvika framleis er tomt for operaen, må Oslo til liks med andre delar av landet finne seg i å bruke kreative metodar for å finansiere meirkostnaden til vegprosjektet. Bompengar, spleiselag og bidrag frå næringslivet er slett ikkje uvanleg i distrikts-Norge, og bør difor vere aktuelt også i Bjørvika, seier Løvik.