Bok om trønderlånna

Surnadal kommune har hatt besøk av Eir Grytli og Kolbein Dahle, som er engasjert av Det norske samlaget for å skrive bok om trønderlånna. Det var eit ønske frå forfattarane å besøke Surnadal kommune, da nordmørslånna er eit begrep over ein lokal variant av trønderlånna, skriv kommunen på si heimeside.

Surnadal kommune har hatt besøk av Eir Grytli og Kolbein Dahle, som er engasjert av Det norske samlaget for å skrive ei bok om trønderlånna. Denne bygningsskikken finn vi att i eit område som i nordleg retning strekk seg heilt opp til Troms, mens det sørover er avgrensa av nord-Østerdal, Dovre og Romsdalsfjorden. Forfattarane ønska å besøke Nordmøre, da nordmørslånna er eit begrep over ein lokal variant av trønderlånna. Og kva er det så som er spesielt for nordmørslånna? Eir Grytli vil spesielt trekke fram muren/ murdøra, som nærmast er eit eldhus i huset. Dette rommet hadde ofte steingolv, og her kunne ein drive med slaktearbeid, såpekoking, bakst, laga ost m.m. Elles er skottet på enden av lånna typisk for Nordmøre, eit uisolert rom i stavverk, som var brukt til å oppbevare veden m.m. Det er og eit typisk trekk at mange storstuer i nordmørslånnene har fint rundtømmer. Når det gjeld noko som er spesielt for berre vår kommune, peiker ho på veggtrea som kledde husveggene, bugnande av frukt når hausten kom. Det er planlagt at boka skal vere ferdig til jul, og den vil bli illustrert med mange flotte bilete som viser mangfaldet innafor denne bygningsskikken